OKS stakk av med 2.plassen
på Mangerfestivalen i oktober -04. Korpset fekk berre
eitt poeng mindre enn vinnaren, som er eit elitekorps,
og OKS slo med dette nok ein gong andre korps som vert
rangert høgare enn oss. Det meste av suksessen var
takka vere ein pangstart på hausten, med seminar i
Kinsarvik saman med Gehørarbeideren Lars Andreas Skau.
Han gav korpset ei god forståing av kva det vil seie å
lytte til kvarandre, noko som dommarane på
Mangerfestivalen spesielt poengterte etter at dei fekk
høyre sluttlåta til korpset. Det fenga, det svinga og
musikantane lyste av speleglede, noko som tydelegvis
sette spor hos dommarane. Og sjølvsagt skal Thomas på
tuba ha honnør for solostykket sitt ”Eg gjekk meg ut i
lunden grønn”. Ikkje minst skal vi takka dirigenten
vår, Gry, som er ein meister i å få fram det beste i
korpset. Men aller viktigast, alle musikantane i OKS ga
alt på scena, og det fekk dei betalt for. Dette står det
respekt av med tanke på at korpset samstundes held på
med innøving av ”Stomp-Jazz” som skal framførast i
Fjellheim i november.
Juniorkorpset og aspirantane deltok denne gongen på
aspirantopplegget til Mangerfestivalen, men for
juniorane var det ikkje nokon suksess. Neste gong kjem
dei til å stille i konkurransen. Aspirantane mora seg
storleg, då det var første gongen dei deltok på ei stor
mønstring.
Bileta er av hovudkorpset under oppvarming og på scena.