Konsertomtale 25. mai 2008
Konserten var sjølvsagt
kanonbra (om du hadde born med som aktør eller ikkje!)
Dei som deltok frå OS & Kuventræ: Mina
Sundberg, Sunniva Bøthun, Jone Finne Kuven, Margrete Valle
Dei øvde med Brass Bros dagen før konserten og
spelte for smikk full Grieghall i kveld. Dei fikk suite back
stage (den same som Bill Clinton hadde sist han vitja Bergen) og
sjølvsagt artistpass. Sommarfuglar i magen hadde nok alle, men
dei spelte kjempetøft. Stemninga blei spesiell då sceneteppet
gjekk opp midt under framføringa deira. Der satt nemleg eit
symfoniorkester klart til å 'kompe'. Det var Ung Symfoni.